Etter eit raskt tankesprang trur eg eg aldri i mitt liv har vore servert så mykje god mat som i dei seks siste månadane, og landsbymaten er den desidert beste! Ja, ris er ein dagleg gjengangar, men ilag med kokosmjølksupper, kylling i alle moglege varianter, fersk fisk frå elva og ein fantastisk bruk av urter og grønsaker er det ein velfødd nordmann som snart vender nasen nordover.
Det er ikkje berre god mat thaiane er opptekne av, fine skal dei òg vera. Marknadane er stappa av rimelege kopiar av dei siste trendane, piffa med litt gull, glitter, lenker og trykk, slik seg hør og bør her til lands. Det er viktig å ta seg bra ut, og i ein ærleg kultur som den thailandske, får ein gjerne høyre det om ein ikkje er fin. Ungdomane på internatet er intet unntak; velstelt ungdom som lukter godt, tek antipermanent og retter håret (alle må ha bob på skulen, ein naturleg grunn til at stritt hår er å foretrekke) og har heile, reine klede.
Men vent, skulle ikkje eg til den fattigaste regionen i Thailand? Bu på internat med 42 ungdomar frå fattige bondefamiliar? Undervise dei i engelsk då engelsklærarane på skulen gjerne ikkje snakker språket så godt?
Jo, og det har eg gjort. Men kor er så den forespegla fattigdomen? Det er ikkje mangelen på mat og klede el. andre livsnaudsynte artiklar som gjer ungdommane i denne regionen fattige. Det botnar ofte ut i mangelen på valmoglegskapar. Mange er i ein posisjon der dei ikkje kan velje å halde fram på skulen, same kor mykje dei har lyst til det. Andre kan ikkje velje å ikkje verte ein del av den omfattande menneskehandelen. Nokre må gifte seg i ung alder. Den mest gripande fattigdomen er den manglande moglegskapen mange har til å skape seg eit fullverdig liv. Eit liv dei sjølve kan forme. Å kunne ta eigne, sjølvstendige val. Å kunne utfalde seg og yte av sine ressursar.
Det er denne fattigdomen Immanuelheimen er med på å kvele. Ungdomane får ein sjanse til å kome seg vidare, lære meir, gi av seg sjølv, vekse på utfordringer, og størst av alt; dei får del i rikdomen av valmoglegskap.
