Etter toppers dagar i Cha Am, venta nokre dagar i storbyen. Dog eg ikkje i utgangspunktet er så veldig begeistra over Bangkok etter å ha vore der litt for mykje i sjukesamanheng, vart det tre flotte dagar stappa med program. Ei langhelg på fin ferieresort hadde tydlegvis tæra på team Phibun, og med eit desperat ynskje om å vera litt brunare enn våre landsmenn når vi kjem heim att, vart det ein dag ved bassenget. På kvelden fekk vi unna nok eit turist-must, med middag i 76. etasje på Baiyoke Sky, som òg kan skilte med 360 graders, roterande uteplatform og glasheis på utsida.
Tysdag var både Birgitte og eg med på Lovsangshjemmet, og nok ein gong ser ein kor utruleg det arbeidet som vert lagt ned her er. Ungar med leggar fulle av rottebit og til tider ungar som slår, bit og lugger – eit prov på vanskelege oppvekstvilkår heime. Men uansett er dei alle ungar som med uavgrensa tillit og hengiving kaster seg i fanget på ein idet ein kjem inn. Ungar som sug til seg all merksemda og kjærleiken dei kan få, ungar som utan tvil får eit betre liv gjennom Lovsangshjemmet.

Turen gjennom slummen gjer alltid inntrykk, der ein går gjennom overfylte skur i stanken av kloakkelva. (Foto: Birgitte Moe Olsen)
På kvelden venta den eigentlege grunnen til at Birgitte og eg hadde utsett attendereisa tilPhibun; Kings of Convenience hadde sin fyrste Thailandskonsert, og vi nytta sjølvsagt høvet! Ein heilt fantastisk kveld, der ein god norsk gjeng Hald-studentar, voluntørar og misjonærar vart eit heller stilmessig slapt innslag ilag med alle dei hippe thaiane, men så var det til gjengjeld berre vi som forstod kva dei sa til lydmannen sin;)






Og ein siste ting er at det gjer alltid inntrykk på meg å komme til eit område som er så prega av Islam.
Av: Bank Why Ireland - More Than Most Other Countries - Should Suppor . den 24/02/2012
kl 5:21 am