Med berre nokre få dagar att i Phibun, byrjar det sakte, men sikkert å demre at den fredlege landsbytilværa med flip-floppar, stråmatte, som tam, billege marknadsvarer og shortsvèr nærmar seg slutten. Difor nytes dagane fullt ut, med lang og god morgonstund og langsame aktivitetar som tidsklemma i Noreg ikkje tillet.
Denne veka har det berre vore to elevar på internatet, Bom, som har ein slags sumarjobb på det lokale sjukehuset mtp. vidare utdanning, og Off, som både Birgitte og eg vel å tru er her pga. oss;)
13.-15. april er det thai-nyttår, Song Kran, som praktisk talt er ein nasjonal vasskrig. Vi vender diverre nasen nordover veka før (!), men takka vere vår kjære ven Off, fekk eg min del av moro når han og eg varma opp til denne festivalen med hageslangen utanfor internatet.






iiiiskaffe:D flott “banner” du hadde fått! og snakker vi songkrang på hald eller?:P
Av: Birgitte den 01/04/2010
kl 9:45 am
Haha…teamkommunikasjon over kommentarfeltet på bloggen ser vel ein smule alarmerande ut for utanomforståande;)
Definitivt! Nui, Dob, Ohn og Aa er sikkert med!
Av: Ragnhild den 01/04/2010
kl 3:37 pm