Posta av: ragnhildithailand | 17/04/2010

Goder frå to verder

Dei siste dagane i Thailand for forbi i heidundrande fart, og dei fyrste dagane i gamlelandet har ikkje akkurat gått noko seinare.

Thai-innspurten var strålande, og det var med blanda kjensler eg vendte nasen heim att. Det er rart kor raskt ein kjem inn i alt det “norske” att – potet, skitur, trykk i dusjen, fersk mjølk, grovbrød, mjuk seng osv. Alle gode ting eg set høgt i tilvera, men eigentleg ting eg ikkje har sakna så mykje som eg trudde eg ville. Derimot skulle eg gjerne hatt tilgang til sticky rice, fersk, nyplukka mango, tom kha gai, vasskrig, Geng Sapu, takraw og utekjøkkenet på internatet.

Posta av: ragnhildithailand | 02/04/2010

Me Khanmay

Mykje kan seies om Me Khanmay, men eg vil la det stå med nokre få ord:

Kjærleg

Snill

Livsglad

Blid

Gåvmild

Omsorgsfull

Godhjarta

Posta av: ragnhildithailand | 02/04/2010

Rik på val

Etter eit raskt tankesprang trur eg eg aldri i mitt liv har vore servert så mykje god mat som i dei seks siste månadane, og landsbymaten er den desidert beste! Ja, ris er ein dagleg gjengangar, men ilag med kokosmjølksupper, kylling i alle moglege varianter, fersk fisk frå elva og ein fantastisk bruk av urter og grønsaker er det ein velfødd nordmann som snart vender nasen nordover.

Det er ikkje berre god mat thaiane er opptekne av, fine skal dei òg vera. Marknadane er stappa av rimelege kopiar av dei siste trendane, piffa med litt gull, glitter, lenker og trykk, slik seg hør og bør her til lands. Det er viktig å ta seg bra ut, og i ein ærleg kultur som den thailandske, får ein gjerne høyre det om ein ikkje er fin. Ungdomane på internatet er intet unntak; velstelt ungdom som lukter godt, tek antipermanent og retter håret (alle må ha bob på skulen, ein naturleg grunn til at stritt hår er å foretrekke) og har heile, reine klede.

Men vent, skulle ikkje eg til den fattigaste regionen i Thailand? Bu på internat med 42 ungdomar frå fattige bondefamiliar? Undervise dei i engelsk då engelsklærarane på skulen gjerne ikkje snakker språket så godt?

Jo, og det har eg gjort. Men kor er så den forespegla fattigdomen? Det er ikkje mangelen på mat og klede el. andre livsnaudsynte artiklar som gjer ungdommane i denne regionen fattige. Det botnar ofte ut i mangelen på valmoglegskapar. Mange er i ein posisjon der dei ikkje kan velje å halde fram på skulen, same kor mykje dei har lyst til det. Andre kan ikkje velje å ikkje verte ein del av den omfattande menneskehandelen. Nokre gifte seg i ung alder. Den mest gripande fattigdomen er den manglande moglegskapen mange har til å skape seg eit fullverdig liv. Eit liv dei sjølve kan forme. Å kunne ta eigne, sjølvstendige val. Å kunne utfalde seg og yte av sine ressursar.

Det er denne fattigdomen Immanuelheimen er med på å kvele. Ungdomane får ein sjanse til å kome seg vidare, lære meir, gi av seg sjølv, vekse på utfordringer, og størst av alt; dei får del i rikdomen av valmoglegskap.

Alle på Immanuelheimen 09/10.

Posta av: ragnhildithailand | 31/03/2010

Mot slutten av landsbylivet

Med berre nokre få dagar att i Phibun, byrjar det sakte, men sikkert å demre at den fredlege landsbytilværa med flip-floppar, stråmatte, som tam, billege marknadsvarer og shortsvèr nærmar seg slutten. Difor nytes dagane fullt ut, med lang og god morgonstund og langsame aktivitetar som tidsklemma i Noreg ikkje tillet.

Denne veka har det berre vore to elevar på internatet, Bom, som har ein slags sumarjobb på det lokale sjukehuset mtp. vidare utdanning, og Off, som både Birgitte og eg vel å tru er her pga. oss;)

Siste kveldsmarknad, med Off som innkjøpskonsulent (Foto: Birgitte Moe Olsen)

Den siste mjølkesjokoladeplata gjekk med til sjokoladefondue:) (Foto: Birgitte Moe Olsen)

Fyrstegongs sjokoladefondueetar, og Bom likte det! (Foto: Birgitte Moe Olsen)

13.-15. april er det thai-nyttår, Song Kran, som praktisk talt er ein nasjonal vasskrig. Vi vender diverre nasen nordover veka før (!), men takka vere vår kjære ven Off, fekk eg min del av moro når han og eg varma opp til denne festivalen med hageslangen utanfor internatet.

Off og Pete i Moon River, ved Kgeng Sapu (Foto: Birgitte Moe Olsen)

Off gjorde Kgeng Sapu utrygt for den som ville halde seg turr. (Foto: Birgitte Moe Olsen)

Biggi med Phibuns beste iskaffe til 4,61 NOK

Posta av: ragnhildithailand | 31/03/2010

Superdagar i Bangkok!

Etter toppers dagar i Cha Am, venta nokre dagar i storbyen. Dog eg ikkje i utgangspunktet er så veldig begeistra over Bangkok etter å ha vore der litt for mykje i sjukesamanheng, vart det tre flotte dagar stappa med program. Ei langhelg på fin ferieresort hadde tydlegvis tæra på team Phibun, og med eit desperat ynskje om å vera litt brunare enn våre landsmenn når vi kjem heim att, vart det ein dag ved bassenget. På kvelden fekk vi unna nok eit turist-must, med middag i 76. etasje på Baiyoke Sky, som òg kan skilte med 360 graders, roterande uteplatform og glasheis på utsida.

Hald-studentar og voluntørar på toppen av Baiyoke Sky

Bangkok at night (Foto: Birgitte Moe Olsen)

Upåklageleg utsikt frå luftballongen

Tysdag var både Birgitte og eg med på Lovsangshjemmet, og nok ein gong ser ein kor utruleg det arbeidet som vert lagt ned her er. Ungar med leggar fulle av rottebit og til tider ungar som slår, bit og lugger – eit prov på vanskelege oppvekstvilkår heime. Men uansett er dei alle ungar som med uavgrensa tillit og hengiving  kaster seg i fanget på ein idet ein kjem inn. Ungar som sug til seg all merksemda og kjærleiken dei kan få, ungar som utan tvil får eit betre liv gjennom Lovsangshjemmet.

(Foto: Birgitte Moe Olsen)

Bading og klesskift (Foto: Birgitte Moe Olsen)

Turen gjennom slummen gjer alltid inntrykk, der ein går gjennom overfylte skur i stanken av kloakkelva. (Foto: Birgitte Moe Olsen)

På kvelden venta den eigentlege grunnen til at Birgitte og eg hadde utsett attendereisa tilPhibun; Kings of Convenience hadde sin fyrste Thailandskonsert, og vi nytta sjølvsagt høvet! Ein heilt fantastisk kveld, der ein god norsk gjeng Hald-studentar, voluntørar og misjonærar vart eit heller stilmessig slapt innslag ilag med alle dei hippe thaiane, men så var det til gjengjeld berre vi som forstod kva dei sa til lydmannen sin;)

Kings of Convenience (Foto: Birgitte Moe Olsen)

Posta av: ragnhildithailand | 25/03/2010

Superdagar i Cha Am

NMS-misjonærane i Thailand synes til tider å vera utømelege kjelder til pågangsmot, glede og arbeidslyst. Difor vert ein letta når heile gjengen årleg faktisk møtes til MM – misjonærmøte. Nokre dagar ilag, til påfyll og rekreasjon. Og skal ein fyrst samle krefter, skal det samles til gangs, altså har vi nytt ei av Thailands strender, på eit hotell med buffear som gjer at du går stappmett heile dagen og med fine omgivnadar som alle ungane utnytta til det fulle.

Det er ikkje til å koma ifrå at sjølv om thaikvardagen er flott, er det utruleg godt å vera i ein fellesskap der morsmålet snakkes og tankesmia tek utgangspunkt i same kultur.

Helga har i korte trekk bestått sol, bading, bibeltimar (v/Klara Myhre), korøvinger, kveldssamlinger, god mat og avslappande atmosfære. Høgdepunkta var laurdagskvelden, med festmiddag og eventyr-tema, og sundagen, med gudsteneste i norsk stil.

Elles fekk helga ei kanonavslutning for team Phibun, då Siri tok oss med på kveldsmøte på Bangkok Christian Guesthouse.

"Eventyrkveld" med utkledningspåbod resulterte i eit grønkledt opprop frå UFACP - United Front Against Costume Parties, truleg inspirert av det raude opprøret i Bangkok.

Det krydde av prinsesser og superheltar.

Nokre av misjonærane nytta høvet til å ta på seg bleiene att.

...medan barske Hald-studentar improviserte som piratar.

Posta av: ragnhildithailand | 14/03/2010

Medan eg ventar på legetime….

Dei siste dagane har vorte tilbrakt i Bangkok, i påvente av ein legetime tysdag kveld. Det eg i utgangspunktet hadde sett for meg som mine siste dagar med storbytråling, vart ikkje heilt som planlagt.

Med åtvaringar om politisk uro i helga, er Siri og eg innlosjert hjå ein norsk misjonærfamilie i Bangkok. Raskt skissert går konflikta ut på at det hovudsakleg finst to politiske grupperinger i Thailand; dei gule, eliten, og dei raude, resten av folket. Dei gule kom til makta i påska i fjor, etter å ha okkupert flyplassen i nokre dagar. No er det derimot dei raude som er på offensiven, og har kravd at dei gule oppløyser parlamentet og skriv ut nyval innan sundag. Om dette ikkje skjer har dei varsla demonstrasjonar (som har byrja i helga), og nokre kjelder vil ha det til at dei kan mobilisere opptil 1 mill. raude tilhengjarar. Foreløpig har vi ikkje sett noko til dette (sett bort ifrå ein buss med raude tilhengjarar på veg inn til kyrkja i dag…), og situasjonen vert vonleg ikkje så veldig dramatisk.

Med portforbod frå NMS finst det vel ingen betre plass å vera enn hjå ein misjonærfamilie, og det har vore avslappande dagar i smilets land denne helga.

Posta av: ragnhildithailand | 06/03/2010

Eit portrett

Dakk sin far reiste frå ho og mora når ho var lita. Mora vart gift igjen, men døydde når Dakk var 13 år. Ho kjem ifrå ein liten landsby i Ubon og bur ilag med halvsystra og mormora si. Det meste låg til rette for at Dakk si framtid ville liggje i rismarker, vassbøflar og fattigdom, men etter seks år på Immanuelheimen er ho no klar for vidare studier i Bangkok. Ho fann sjølv eit stipend på internett som ho søkte på, og pga. hennar gode karakterar og friviljuge engasjement på fritida fekk ho for eit par veker sidan vite at ho har vorte tildelt stipendet og kan starte med høgare utdanning ved Faculty of Art i Bangkok.

Kva er så framtidsdraumen hennar: “Eg har ikkje så mange draumar for framtida, framtida er ein sak for seg sjølv. Eg tenkjer meir på dagen i dag, og korleis eg kan gjera det best nett no.”

Dakk

Posta av: ragnhildithailand | 03/03/2010

Alt kjem til sin ende

Laurdags morgon reiste eg til Pattaya for å treffe alle frå internatet. Skuleåret er nett ferdig og kvart år har dei ein avslutningstur, i år altså til Pattaya, ein 8-9 timers køyring med karaokebuss.

I og med at eg var med på ein liknande leir rett etter at eg kom hit i oktober gav denne helga rom for nokre refleksjonar rundt mitt opphald her dei siste fem månadane.

Som nyankomen var eg heilt grøn på det meste her til lands, og det er mest med fasinasjon at eg observerer kor mykje betre eg kjenner kulturen og thaiane no enn då, og kor komfortabel eg har vorte med det meste her til lands.

Sjølv om eg naut helga, å få vera ilag med alle ungdomane som eg har vorte så glad i, å ta eit forfriskande bad i Thailands-bukta, å ete fersk, grilla sjømat osv. var det med blanda kjensler. For no som skuleåret er over reiser alle elevane heim att, og igjen sit Birgitte og eg på eit tomt internat ilag med dei tilsette.

I von om at dei har lært litt meire engelsk, hatt det bra ilag med oss og sett Jesus spegla i noko av det vi gjorde, sa eg takk og farvel – i full visse om at dei ikkje anar kor mykje dei har betydd for meg desse månadane.

Alle på Immanuelheimen 2009/2010

Posta av: ragnhildithailand | 15/02/2010

Valentine

I Thailand let ein ikkje ein sjanse til å kome saman og feire gå ifrå seg, og ein feirer gjerne fleire gonger. Det kjenst altså ut som om eg har feira Valentin heile helga.

Laurdag var det storstil fest på internatet. Alle ungdomane hadde invitert med seg vener og i tillegg kom det ei ungdomsgruppe frå ei av nabokyrkjelydane for å leie lovsongen. Birgitte og eg hadde fått det ærefulle oppdrag av å lage spagetti og kjøttsaus til 120, og sett bort ifrå at vi svidde av nokre tusen spagettistenger og kokte så mykje at vi åt det heile sundagen òg, så vart vår debut som storhushaldningskokkar ein suksess.

Ei kvar thai-feiring inneber leikar, og i eit land der kjærastomgrepet tradisjonelt er synonymt med “den ein skal gifte seg med”, var Valentinsdagen eit høve til å lempe litt på reglane, og leikar der gutane konkurrerte mot jentene skapte stor begeistring.

Elles var lovsongen og andakten til presten viktig. For venane til internatungdomane er det ikkje ofte dei er i kontakt med noko kristent, sidan berre 0,5% av Thailands befolkning er kristne. Ei kristen andakt er difor ofte eit nytt konsept, og det var fantastisk å høyre alle synge av full hals til lovsongen, same kva personleg overtyding dei måtte vera av.

Sundagen stod kyrkja si feiring for tur, og Birgitte og eg hadde nytta høvet til å lage sjokoladekake der den store julemarsipangrisen som har lege på pulten sidan desember vart omstøyt til 46 små hjarta. Elles var det grillspyd og nudlar. Mykje og god mat er alltid ein viktig ingrediens i alle feiringer her til lands.

Nok ein gong var det tid for å “len game” – leike! (thaiane har adoptert mange engelske ord, som er meir el. mindre forståelege med lokal uttale) Som seg hør og bør var det òg karaokekonkurranse, med jury og oss “lekfolk”, som hadde fått to hjarteforma sugerør som vi kunne gi til dei vi tykte mest om.

Med andre ord ei flott helg, fylt av broderleg og søsterleg kjærleik!

Det kom vel ikkje som noko sjokk på nokon at gjennomgangsteksten denne helga var 1.Kor 13, 1-7:

Om eg talar med mennesketunger og engletunger,
men ikkje har kjærleik,
då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.

Om eg har profetisk gåve
og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap,
og om eg har all tru så eg kan flytta fjell,
men ikkje har kjærleik,
då er eg ingen ting.

Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige,
ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast,
men ikkje har kjærleik,
då har eg ingen ting vunne.

Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig,
misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.
Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige,
er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.
Han gleder seg ikkje ved urett,
men gleder seg ved sanninga.
Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

(Bilete kjem når eg finn att overføringskabelen.)

Eldre innlegg »

kategoriar

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.